Takk for meg!

Etter 10 år som dagleg leiar av Stiftinga Kystsogevekene er det tid for meg å setje kursen mot andre oppgåver. Eg takkar alle arrangørar som har stått på i alle desse åra for å gje publikum gode kystkulturopplevingar. 

Eg har fått oppleve svært mange arrangement, og vorte kjent med mange små og store stader i heile kystregionen som er med i Kystkulturmønstringa, frå Sveio i sør til Gulen i nord.

Eg har vore med på båtturar, marknader, føredrag, konsertar, utstillingar, familiedagar, revyar, padleturar, sogespel, festivalar og vandringar og mykje, mykje meir.

Eg har fått med meg alt frå små og koselege forestillingar og konsertar, til store festivalar med hundrevis av besøkande – og mykje midt i mellom.

Eg har vore utruleg priviligert å få sjå og oppleve eit stort engasjement for lokalsamfunna rundt om i regionen. Det er særs mange flotte folk som står på for å vise fram noko dei er stolte av, og som dei vil dele med andre. Saman med utruleg mange glade menneske har eg fått vere med på alt det flotte og kjekke som har vore stelt i stand rundtom.

Alle stader har noko å vere stolt av, alle har sitt særpreg, og alle har desse viktige eldsjelene og gruppene av frivillige lag og organisasjonar som står på for å gje oss gode opplevingar.

Eg takkar alle eg har hatt kontakt med oppgjennom åra, alle de som jobber med kultur i kommunane, arbeidsgrupper for kystsogearrangement  og festivalar, utstillarar, kystlag, artister, lag og organisasjonar, gallerister og alle andre.

Tusen takk for at eg har fått ta del i så mange gode opplevingar i så mange flotte lokalsamfunn!

Eg takkar for meg, og overlet roret til ein ny skippar som skal styre flåten av gode kystsogearrangement vidare!

Lykke til vidare, og stå på for kystkulturen!

Beste helsing
Lena Eikeland Kutschera
avtroppande dagleg leiar
Stiftinga Kystsogevekene

Legg igjen en kommentar