Stikkordarkiv: k

Søndag på Holmeknappen – Kystsogedagane i Meland

Det er ettermiddag siste søndag i august, og det nærmar seg slutten av ein travel kystsogehelg. Kystsogedagane i Meland er siste stopp for dageleg leiar, med familien på slep. Det har vore ein flott helg, og ein fantastisk avrunding av denne søndagen, som starta med punktert dekk på bilen i det vi skulle legge i veg mot Nordhordland og fleire arrangement.

I Meland på Holsnøy er vi godt kjente, og har vore mange gonger. Sola skein framleis på ettermiddagen, og ved kaien på Holmeknappen låg både Gamle Dampen, DS Oster, og den nyare MS Vestgar frå Øygardsbåtane. Gamle Dampen var innom tidlegare denne søndagen, då i form av kabareten Ivar Medaas – Gamle Dampen, denne fekk vi ikkje med oss, men det var det svært manga andre som gjorde, og folk var særs fornøgde og glade.

Den gode stemninga var der framleis, og vi fekk akkurat med oss utstillinga og opplesinga i Holmestova. Årets utstilling i Holmestova under Kystsogedagane var Heklerier, med gamle og nye hekla arbeid, her kunne vi jå ulike teknikkar og formar. Søndagen var også forfattaren Eli Fossdal Våge i Holmestova for å lese frå diktsamlinga si Hekla myter (2014). I dikta sine fortel ho om formødrene, handarbeida, familiane og liva deira, om korleis dei hamla opp kvardagsproblem på små gardar, med barnefødslar og strikka bind. Det vart ganske fullt av tilhøyrarar på benkane i den vesle Holmestova, og dikta passa fint mellom desse gamle tømmerveggene.

I Sjøbua, det lokale sjøbruksmuseet, hadde andre maritime gjenstandar enn dei som vanlegvis er her, funne vegen. Mellom skjelskrapar og fiskesøkke, garn og not, fann vi sjøfolk og havfolk, skålar og lysestakar. Tradisjonelle ausekar av tre hadde fått selskap av dekorative ausekar av keramikk. Det er Anita Holmøyvik som let seg inspirere av kysten når ho formar sin kunst i keramikk.

Litt større gjenstandar var utstilt på kaien, her var det gamle traktorar og veteranbilar som kunne takast nærare i augesyn, men ikkje handlast med. I bodar og telt var det elles båte tradisjonamat, husflid og handverk for sal, og på Skittkaien var det rigga til kafetelt med skikkeleg tradisjonsmat og kaffimat.

Det var mykje å sjå på eller gjere på, og det er god stemning, og kjekt å rusle rundt, sjå på båtar, bodar og treffe kjentfolk og slå av ein prat. Ungane kunne fiske frå svaberget og studere fangsten etterpå i ein trestamp, dei kunne bygge seg båt og prøve i bassenget, eller dei kunne få seg ein tur med Redningsselskapet sin Eliasbåt. Sjølvsagt kunne ein også gå ombord i dei store vetaranbåtane som låg ved kaien.

Det var også utstillingar og aktivitetar i Galleri Rustica på Holmeknappen under Kystsogedagane i Meland. Sjå meir frå Kystsogedagane i Meland på deira eigen side på Facebook.

 

 

Tidsrom for Kystsogevekene 2015

Dato er sett for Kystsogevekene 2105, merk deg perioden 8. august til 13. september, då vert det mykje flott kystkultur å oppleve på heile vestlandskysten, frå Sveio i sør til Gulen i nord. 

2015mweb
Kystsogevekene 2015 frå 8. august til 13. september