Bronsealderrøysen på Huglo
Vi hadde ein liten generalprøve denne veka, då vi var på tur til Huglo og lånte ut bronsealderklede som skal nyttast denne dagen. Hordamuseet driv formidling av forhistoria og nyttar gjerne klede og utstyr for å levandegjere perioder som ellers kan vere fjerne og vanskeleg å forstå. Espen frå Hordamuseet som også har sydd og laga kleda tok kuren i lag med Kystsogevekene til Huglo skule. Elevar herfrå skal få drakter på seg og vil verte levande utstillingar kring bronsealderrøysen når folk kjem gjennom marka på turstien.
Elevane fekk vite litt om bronsealderen, om kleda, om utstyr, om den viktige ulla. Dei fekk også høyre om forestillingar knytta til solen som heilagdom og symbol som er mykje nytta både i hellerissingar og i smykker. Vi hadde også ein kopi av ei bronsealdersøks med oss. Elevane fekk prøve kleda på seg, og vi fekk ei liten test slik at dei veit korleis desse framandarta plagga skal berast.
På søndag vert det først eit foredrag kl13.00 ved arkeolog og forfattar Bård Gram Økland i Omnshuset, deretter vert det kulturvandring fram til røysa som ligg godt synleg fra leia, og som nok har vorte bytta som seglingsmerke oppigjennom tida. Den er no rydda fram fra kratt og buskar. Gravhaugar er automatisk freda, men denne er rydda i samråd med Fylkeskonservatoren, og vil innan søndag også få utplassert ei informasjonstavle. Ved røysa skal det lagast bronsealdermat i kokegrop, det vert servering av meir nymotens mat som kaffe med nogo attåt.
Det er duka for ei flott dag når den skjulte skatten frå bronsealderen skal synast fram. Hugs gode sko og vasstette klede! Ut på tur!
- Den store røysa ligg igjen godt synleg frå sjøsida no då den er rydda fram.
- Det er lagt ut plankar over dei våtaste plassane på stien fram til røysa
- Mykje arbeid er gjort for å reinse fram steinane frå tre, buskar, kratt og mose
- Denne vetle bronsealderguten kjem ikkje, men to andre gutar og ei jente vil gjere tidsreisa til bronsealderen på søndag
Arrangørar er LivOGLyst Huglo
www.kystsogevekene.no/program/nivaa2/nivaa3/stord.php
Her er ein liten reportasje som arrangørene har laget fra åpningsdagen huglo.no/2011/09/vellukka-opning-av-kulturminnet/








