Den offisielle opninga av Kystsogevekene 2011 på Os
Os var eineståande vertskap for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2011 på lørdag. Vergudane hadde også verkeleg lagt godviljen til, og hylla dagen med strålande sol. Os Durspelsamskipnad innleia opningsarrangementet før ordførar Terje Søviknes ønskte velkommen til Os, og fortalte litt om kvalitetane Os har å by på.
Styreleiar i Stiftinga Kystsogevekene Bjørn Myhren fekk så ordet og fortalte mellom anna om det store mangfald av arrangement som finn stad under denne store kystkulturmønstringa Kystsogevekene. Dag Lindebjerg sto for sjølve den offisielle opninga, og haldt eit glitrande innlegg om kystkultur for alle dei frammøtte. Han hausta applaus frå publikum då han kom med utsagnet Kysten driv denne nasjonen.
Os ville også vise noko av det kommunen kan by på av kultur, og hadde henta ut eit innslag frå folkeoperaen Havfest, her fekk vi ei sjøstjerne som spela på cello medan tre skarvar dansa og song. Patricia Langeland hadde også med seg to dyktige dansarar frå kulturskulen, ei vakker oppvising.
Scena var lagt til brygga utom Osalvarnaustet, Vindu-mot-fjorden, og det var det verkeleg, eit vindu mot fjorden. Medan dansarane boltra seg på dansematta, låg oselavarar og andre båtar og duppa i bakgrunnen, og ramma inn heile opningsseremonien på ein flott måte.
Den tradisjonsrike Oselvarfestivalen fann stad like etter opninga.
Vi takkar Os for ein fantastisk flott opningsdag!
- Os Durspelsamskipnad
- Orførar Terje Søviknes
- Styreleiar Bjørn Myhren
- Offisiell opnar Dag Lindebjerg
- Dansande skarvar frå Havfest
- Dansar får Kulturskulen i Os
- Etter opninga var det Oselvarfestival
- Oselvarar både for segl og for årar












